2-årig Bachelor i ingeniørfag ved Høgskulen Stord/Haugesund

Hausten 2016 starta Høgskolen Stord/Haugesund opp to nye ingeniørutdanningar, som er spesialtilpassa for kandidatar som har fullført 2-årig teknisk fagskule innafor retninga maskinteknikk eller automatisering. Studiet er lagt opp som eit 2-årig løp, der ein kan få inntil 60 sp fritak basert på fag gjennomført ved den tekniske fagskulen, og er difor eit unikt tilbod for fagteknikarar som ønskjer å fortsetje mot ein Bachelor i ingeniørfag etter fullført fagskule. Utdanningane er bygd opp med utgangspunkt i maskinteknikk- og automatiseringsstudiet ved Bergen tekniske fagskole (fagplanar frå 2012 og nyare), men det viser seg at òg kandidatar med bakgrunn frå elkraft kan oppnå inntil 60 sp fritak ved opptak til elektroingeniørutdanninga. Utdanningane er tilrettelagd for å kunne kombinerast med jobb (sjå lekkjene nedanfor for meir informasjon angåande dette).

Desse studia vil bli lyst ut for opptak våren 2017 for oppstart til hausten, då under den nye Høgskulen på Vestlandet (HSH fusjonerer med HiB og HiSF ved nyttår).

For å lese meir om dei to utdanningane, kan de følgje lekkjene nedanfor:

Maskin:

http://www.hsh.no/studier/ingenior/maskiningenior/maskiningenior_for_teknisk_fagskole.htm

Elektro:

http://www.hsh.no/studier/ingenior/elektro/elektroingenior_for_teknisk_fagskole.htm

 

NB! Legg merke til at studentane, i tillegg til å ha fullført 2-årig teknisk fagskule, òg må kunne dokumentere kunnskapar tilsvarande Matematikk R1 + R2 og Fysikk 1. Dvs. at ein må ta desse faga som privatist, eller via den tekniske fagskulen, i løpet av våren 2017, dersom ein ikkje allereie har desse emna dekka. HVL tilbyr ikkje realfagskurs.

 

Ta gjerne kontakt med studiekonsulenten for ingeniørfag eller Ranveig Litlabø dersom de har spørsmål til utdanningane.

 

Rannveig Litlabø

Førsteamanuensis ingeniørfag

Prosjektleiar for Ingeniørutdanning i Sunnhordland

Høgskolen Stord/Haugesund

 

Telefon: (+47) 91111279

E-post: rannveig.litlabo@hsh.no

Besøksadresse: Klingenbergvegen, 5414 Stord - Rom 203 Hovudbygg, Rommetveit